Tweet DCT

- Din komplette løsningspartner!

© DCT - Data Center Technology AS
Startsiden > Kundeuttalelser

Kundeuttalelse

Daglig leder, Bluefjords A

Bluefjords har sett på mange kjøleløysingar tilpassa vårt klima og våre behov. Med denne løysinga får me dekka dette med stor skalerbarheit, enkle byggmessige tilpasningar og ein svært energivenleg løysning.

"Me er glade for at samarbeidet med Data Center Technology har gitt oss muligheiten til å velge eit meir energieffektivt og framtidsretta datasenter"

Edvin Brun
Daglig leder, Bluefjords AS

Kundeuttalelse

Adm. Dir., Tussa IKT, Ørsta kommune

Det var hard konkurranse om å bli leverandør av dei to nye datahallane våre på Tussatun i Ørsta kommune. Med utgangspunkt i dei evalueringskriteria vi hadde sett opp kom Data Center Technology best ut. Gjennom dei fekk vi ei moderne og framtidsretta løysing med høg grad av sikkerheit til ein konkurransedyktig pris. Vi er godt fornøgde med å ha valt Data Center Technology som leverandør av våre to nye datahallar.

Data Center Technology har vore ein profesjonell aktør som vi har hatt god og nær dialog med heile vegen. Dei mindre utfordringane som har dukka opp har vi løyst på ein god og konstruktiv måte i fellesskap. Planen er å sette den nye datahallen i drift frå september og alt tyder på at vi kjem til å nå dette målet.

I tillegg til å få ei god teknisk løysing for sjølve datahallane realiserer vi ein tydelig grøn profil. All overskotsvarme frå datahallane blir gjenbrukt til oppvarming av eige bygg og etterkvart også til omkringliggjande bygningar.

Den nye datahallen vil heve vår konkurransekraft og danne eit godt grunnlag for vidare vekst.

Ivar Driveklepp
Adm. Dir., Tussa IKT

Data Center Technology AS | Sandstuveien 70A, 0680 Oslo | +47 2275 1660 | firmapost@dct.no | All Rights Reserved